Skal du rekruttere? Dette er forskjellen på aktivt og passivt søkande – og slik når du dei

Mange gløymer at kandidatmarknaden består av fleire segment. Grovt sett kan vi dele marknaden i to; dei aktive og dei passive. Men kva skal du gjere for å treffe heile marknaden? Her er våre beste råd. 

Polaris Media overvaker kontinuerleg trendar i arbeidsmarknaden og gjer mellom anna årlege undersøkingar via Norfakta. I den siste undersøkinga, som blei gjennomført i perioden 17.-20. november 2020, ba vi respondentane svare på kva for ei av følgjande utsegner som passar best: 

Eg har planar om å skifte jobb, og følgjer aktivt med på ledige stillingar i jobbmarknaden 

8% 

Målgruppa har planar om å skifte jobb, og følgjer derfor aktivt med i jobbmarknaden. Årsakene kan vere mange. Nokon er på jakt etter nye utfordringar, andre ønskjer kanskje å byte jobb på grunn av flytting, at dei er nyutdanna eller arbeidsledige. Dekning i denne gruppa er sjølvsagt heilt grunnleggande for alle stillingsutlysingar. 

Denne gruppa treff du via finn.no og eventuelt andre jobbportalar, som til dømes nav.no. Eit minimumskrav i ein rekrutteringsprosess bør derfor vere at ein er til stades på finn.no, som er Norges desidert største og viktigaste jobbportal. Visste du at det blir formidla rundt 200 000 søknader via FINN.no kvar månad fordelt på 1,8 millionar brukarar? Her er det viktig å vere til stades. 

Eg har ingen konkrete planar om å byte jobb, men ville vurdert å søke dersom eg kom over ei interessant stilling 

52% 

Denne målgruppa treff du først og fremst via digitale flater som eksempelvis nettaviser og sosiale medium, sjølv om delar av denne gruppa også sjølvsagt frekventerer finn.no og kan treffast der. Delar av målgruppa kan også nåast gjennom papiravisa. 

Denne målgruppa har som fellestrekk at dei i større grad må inspirerast, motiverast og informerast for å ta steget med å sende ein søknad. Utforming og innhald i ein rekrutteringskampanje er derfor eit viktig element, som ikkje må undervurderast.

Dette er også ei gruppe som rekrutteringsbyråa gjerne jobbar veldig aktivt med i ein rekrutteringsprosess. Det viser seg at det er enklare for rekrutteringsselskapet å lykkast viss ein potensiell kandidat allereie har vore eksponert for annonsen når ho eller han blir kontakta. 

Eg har slett ingen planar om å byte jobb, og ville ikkje vurdere å søke sjølv om eg kom over ei svært interessant stilling 

38% 

Både vi og rekrutteringsbransjen erfarer at det også er fullt mogleg å påverke delar av denne målgruppa. Det einaste som er sikkert, er at dei i så fall treng sterk påverknad. Denne påverknaden skjer gjerne gjennom direkte kontakt frå rekrutteringsbyrået eller representantar frå bedrifta som jobbar med rekruttering. Også i denne gruppa blir det opplevd som enklare å oppnå dialog viss kandidaten har vore eksponert for den aktuelle stillinga. 

Oppsummert kan ein seie at for å ha best mogleg utgangspunkt for å lykkast med rekrutteringsprosessen, må du treffe både dei aktive og dei passive. Kombinasjonen av finn.no og ein av våre pakkar sikrar deg tilgang til mange interessante og aktuelle kandidatar. 

Det held ikkje nødvendigvis med å publisere ein annonse. Det er viktig å tenke heilheit rundt tekst og utforming av sjølve annonsen, kombinasjon av kanalar, kontekst, målretting samt innhald og design på landingssida. Innanfor dette området er vårt team blant dei aller beste i marknaden. Det finst mange som kan digital marknadsføring, men det finst ikkje like mange som har kunnskapen og erfaringa som skal til for å lykkast med ein rekrutteringskampanje. 

Vi har sett saman nokre pakkar som du kan sjå nærmare på her. Ta gjerne kontakt for ein diskusjon rundt kva produktkombinasjonar som vil passe for akkurat din prosess. 

Innhaldet er produsert av mediehuset si annonseavdeling. 
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje laga av redaksjonen, men av Brand Studio – ein del av avisa si annonseavdeling. Vi er opptatt av eit tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar er utydeleg merka, gi oss gjerne beskjed på e-post. Synest du denne type artiklar ser spennande ut for di bedrift, ta gjerne kontakt på same e-post.


KATEGORIAR OG MERKELAPPAR: